Håkon VIIs gate 5

0161 Oslo, Norge

T: 24 02 20 09 miljoskole@loop.no
Aktivitet

Bokashi i barnehagen

Bokashikompost er ei naturleg supernæring for plantar. Den er full av mikroorganismar som gjev dei beste vekstvilkåra for plantane våre 🌱
Når plantane er klare for omplanting eller utplanting, er bokashi kompostjord det beste dei kan få. Foto: Francesco Gallarotti/Unsplash.

Bokashikompostering

1

Dette treng ein

  • Minst to bokashibøtter til kvar avdeling til å ha matavfallet oppi.
  • Bokashistrø som består av kveitekli og mange ulike artar av mikroorganismar som er ekspertar på å bryte ned epleskrottane og anna matavfall til jord.
  • Ein stappar til å stappe/trykke matavfallet ned i bokhashibøtta.
  • Ein tappekopp til å samle opp overskotsvæske som dannar seg nederst i bøtta. Bokashibøtte med tappekran gjer det lettare å få ut overskotsvæska.
2

Før ein byrjar

  • Ein kan putte det meste av matavfallet i bokashibøtta. Det eineste ein må unngå å legge i bøtta, er flytande matavfall som saus og suppe, mjølk og juice og yoghurt. Del opp store matrestar, slik at det ikkje tek så lang tid å bli brote ned.
  • Ved å tynne ut overskotsvæska frå bokashien (1 til 100, altså 10 ml bokashivæske pr liter vatn), kan ein bruke dette som flytende gjødsel til plantene både inne og ute. Bare ikkje gje dette til spirar og unge plantar sidan det blir for kraftig næring for dei.
  • Tøm ut overskotsvæske eit par gonger per veke.
3

Slik gjer ein det

  • Bokashibøtta bør ikkje opnast meir enn ein til to gonger dagleg for at gjæringsprosessen skal fungere. Derfor er det lurt å samle saman matrestane for heile dagen og putte det oppi bøtta bare ein gong dagleg.
  • Legg matrestane lagvis i bøtta og strø eit par spiseskeier med bokashistrø mellom laga. Pass på at loket sit tett på bøtta.
  • Når bøtta er full, må den stå i inne i romtemperatur i 14 dagar. Då vil matavfallet fermentere (ettergjære). Ta då i bruk ei ny tom bokashibøtte.
4

Etter 14 dagar

  • Etter at den fulle bokashibøtta har stått i minst 14 dagar, graver ein innhaldet direkte ned i jorda enten inne i ei kasse eller ute i eit bed, i plantekasser eller i potter. Alt dette vil fungere som ein jordfabrikk.
  • I plantekasser/potter er det lurt å legge litt fuktabsorberande strø eller knust grillkol i botnen. Bland bokashi og jord, og bruk ca same mengde av kvar. Legg minst 10 cm med jord over til slutt. Bruk gjerne eksisterande jord frå bed i barnehagen eller frå plantekasser frå året før.
  • Er det mykje nedbør? Dekk til plantekasser/potter slik at ikkje den dyrebare næringa renn vekk. Men pass på at det kjem luft til jordfabrikken, så legg ev ein treklosse mellom ev lok og kasse.

Litt grubling og undring 🤔

Kvifor trur barna at det luktar litt snålt når vi tek av loket på bokashibøtta?

Kva trur de skjer i jordfabrikken vår?

Kvifor trur de at plantane likar så godt jorda vi har laga i jordfabrikken?

Tid til undring: Lurer på kva som skjer i jordfabrikken no? Er det lenge til vi kan begynne å plante? Håper vi får mange jordbær. Foto: Johnny McClung/Unsplash.

Kor lang tid tek det før
bokashien blir omdanna til jord?

Det avheng av temperaturen. Under 15 grader skjer det lite eller ingenting i jordfabrikken. Står jordfabrikken inne, skjer omdanninga til jord raskt, kanskje bare 2-3 veker. Til varmere det blir ute om våren og i sola, til raskare kan jordfabrikken ute produsere jord. Dersom det ligg gammalt lauv på bakken i barnehagen, kan dette brukast til å blande saman med bokashikomposten og jorda.

NB: For frø og heilt unge spirar kan bokashi kompostjord bli i sterkaste laget. Når ein skal så, kan det vere lurt å velge mindre næringsrik jord, såjord. Denne jorda er gjerne tilsett sand for gjere den meir porøs. Såjord kan kjøpast på hagesenter eller ein kan lage det sjølv.

Kva gjer ein på vinteren?

På vinteren kan ein fortsatt blande bokashien i frostfri jord (jord som oppbevarast inne) og ha det ned i jordfabrikken ute. Bokashien tåler å fryse. Når det blir varmt nok i veret, vil den omdanne den gamle jorda til supermat til grønne vekster.

Nyttig å vite

Barnehagen kan kontakte sin kommune for å høyre om det er muleg å søkje om tilskot for kjøp av kompostbinge til bokashikompost.

Nokre kommuner gjev reduksjon av renovasjonsavgift ved bruk av eigenkompostering.

Bokashibøtter med tilbehør kan kjøpast hos for eksempel; Clas Olson, Plantasjen, Hageland og bokashinorge.no. Her kan ein òg finne meir informasjon om bokashikompostering.

Det seiast at det kan finnast fleire mikroorganismar i ein handfull god kompost enn det finst menneske på heile jordkloda! Foto: Gabriel Jimenez/Unsplash.

Forankring i fagplan:

I Fagplanen sitt verdigrunnlag står det:

  • Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn.

Under berekraftig utvikling heiter det;

  • Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna:

  • Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid.

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna:

  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover.
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.
  • Får kunnskap om dyr og dyreliv.

Denne sida er utvikla av Unni Flatin som har bakgrunn som lærar og pedagog.