Håkon VIIs gate 5

0161 Oslo, Norge

T: 24 02 20 09 miljoskole@loop.no
Aktivitet

Lag ein jordfabrikk – kompost i barnehagen

Har barnehagen din lyst å hjelpe naturen med å lage god mat (kompost) til blomstrar, grønsaker og bær, og kanskje hauste eigne bær og grønsaker? Her kjem tips om korleis din barnehage kan komme i gong med ein heilt eigen jordfabrikk 🌻
La dei små skapningane i barnehagen (barna) bli kjent med dei som er enda mindre. Mikroorganismane i komposten! Foto: Patrick Fore/Unsplash.

I komposten kryr det av utallige bittesmå skapningar (mikroorganismar) som bakteriar og sopp. Desse ørsmå skapningane et og kosar seg med epleskrottane, potetskrellet og bananskallet vi har putta i boksen/bøtta for matavfall. Når dei er mette, bæsjer dei, og på denne måten blir det super mat for plantar.

Det er spennande for dei små å sjå korleis matavfallet blir omdanna til kompost, og ungane lærer om kretsløp og nedbrytarar i naturen. Barna er med å putte matavfall og strø i bokashibøtta inne eller ute i bingen for varmkompost. Når komposten er blitt til næringsrik jord, er dei med å plante og så.

Dersom ein ønskjer å gå i gong med kompostering i barnehagen, er det lurt at alle tilsette får opplæring i kompostering slik at det ikkje stoppar opp i ferier og ved eventuell sjukdom.

Val av kompost

Når ein skal kompostere matavfall utandørs, bør ein velge varmkompost som er i ein lukka behaldar, elles vil den trekke til seg mus, rotter, fuglar og fluger 🪰 Når matavfallet blir brote ned i den isolerte og lukka bingen, vil det dannast varme. Varmkompost vil òg halde seg varm om vinteren så lenge ein ofte tilfører matavfall og strø.

Bokashi er den enklaste forma for kompostering av matavfall og fyrste del av komposteringa må skje innandørs. Den treng liten plass og kan vere eit alternativ til ein tradisjonell binge for varmkompost som står ute. Bokashi skal i prinsippet vere luktfri, og ein kan ha den under kjøkenbenken.

Visste du at …? 💡

Det sies at det kan finnast fleire mikroorganismer i ein handfull god kompost enn det finst menneske på heile jordkloda?

Heimekompostering kan reduserere avfallsmengda med 50-100 kilo per vaksen person i året, og ein kan få 30-40 kilo flott kompost av dette?

Mesteparten av plantejorda ein får kjøpt er tilsett kunstgjødsel og torv frå myrer som begge delar gjev store klimagassutslepp?

Dei siste hundre åra har ein tredjedel av norske myrar blitt øydelagde?

Ved å bruke kompostjord som jordforbetring og gjødsel til plantar, reduserer vi klimautslepp, og vi tek vare på naturen vår?

Tips! Les om Kaia og Karim som lagar kompost i barnehagen her (hefte i PDF-format).

 

 

God kompost er nam-nam for plantane våre. Foto: Markus Spiske/Unsplash.
Eigenkompostering er den beste næringa plantane kan få, og det er bra for miljøet. Det blir dessutan mykje mindre avfall som må køyrast bort.

Denne sida er utvikla av Unni Flatin som har bakgrunn som lærar og pedagog.