Håkon VIIs gate 5

0161 Oslo, Norge

T: 24 02 20 09 miljoskole@loop.no
Aktivitet

Lag eit supert system – kildesortering for barnehagen

Ved å bruke om igjen (resirkulere) avfallet vårt, treng vi ikkje ta så mange nye ting frå naturen. Då blir jorda bevart, og lufta vår blir reinare 🌍

Alt som blir laga, kjem frå ting i naturen; maten vår, boksar som har vore makrell i tomat i, leikane våre, huset eller leiligheita vi bur i. Naturen inneheld så masse flott som tre, plantar, vatn, jord. Dette kan bli til mat for både dyr og menneske. Naturen har òg mange forskjellige metall og olje som vi kan lage ting av. Er ikkje det fantastisk?

Det er bare det at kan bli for lite av desse fine tinga viss vi bare graver etter meir og meir metall i fjella, pumper opp meir og meir olje frå havbotnen og hogger fleire og fleire tre i skogen. For at det skal bli nok av alt dette flotte til alle menneska og dyra som lever på jorda, må vi bruke ting som allereie er laga, om igjen. Dette kan vi gjere på ein smart måte: Vi kan sortere avfallet vårt (kildesortere)!

Barna får eit meir eigeforhold til avfallssorteringa når dei har vore med på å lage det. Foto: Artur Aldyrkhanov/Unsplash.

Når vi puttar epleskrotten og bananskallet i ein dunk, brukt papir i ein annan dunk, tomme yoghurtboksar og smoothiepakkar i ein ny dunk og tomme glass i endå ein dunk, kan vi lage nye ting av det som har vore brukt før. Av restane frå maten vår kan det bli god «mat» (kompost) til blomstrar og grønnsaker. Av papir som er brukt før kan ein til dømes lage nytt papir eller ei lita bok. Tomme yoghurtboksar og smoothiepakkar kan bli til ei blomsterpotte eller ei plastflaske.

Ved å bruke ting om igjen blir det òg mindre røyk og skitt (forureining) som kjem ut i naturen.

Tenk så flott! Vi kan altså ta vare på naturen vår ved å sortere restar av mat, tomme plastboksar og papir som er brukt før.

Visste du at ...?

Melkekartongen kan gjenvinnast sju gonger?

Plastemballasje (plast som har vore rundt grønnsaker og leikar) kan brukast om igjen (gjenvinnast) 10 gonger og bli til nye ting?

Metall og glass kan gjenvinnast i det uendelege?

Brukar vi papir på nytt, kan vi redde fleire tre i skogen? Då blir innsekta og fuglane som bur i desse trea glade.

Størstedelen av det som blir kasta i restavfallet kunne ha vore brukt om igjen. Restavfallet skal vere det som blir igjen når vi har sortert ut det som kan sorterast der du bur, for eksempel matavfall, metall- og glassemballasje og spesialavfall. Men i Norge kastar mange mat som kunne ha vore ete opp eller blitt til kompost, papir som kunne ha blitt til aviser og kle som kunne ha blitt reparert eller gitt bort, i restavfallet.

Lag eit supert system

1

Frisk opp det de allereie har!

Bilder seier meir enn 1000 ord

Det er viktig at barna frå dei er små får oppleve at dei kan vere med på å verne om naturen og utnytte avfallet vårt på ein god måte. Slik blir det mindre boss (søppel) og forureining. Då opplever barna at det nyttar det dei gjer, og det gjev kjensle av meistring. Mange barn er opptatt av å sortere avfall og er vane med at ein gjer det heime.

Har din barnehage lyst til å lage eit fint system for kildesortering? Kanskje har barnehagen din allereie har eit godt opplegg, men har lyst å friske det opp med bilder? LOOP Miljøskole har laga bilder av typiske ting som blir kasta i ein barnehage mellom anna epleskrottar, restar av ei brødskive, yoghurtbeger, kremosttube, maisboks og melkekartong (sjå til høgre på sida her (kommer!)).

2

Korleis lage eit supert system?

Tips og triks!
  • Barnehagen kan skrive ut bilder av ulike typar avfall. Barna kan klippe ut bildene. Kanskje dei òg kan fargelegge bildene før dei limer bildene på dei ulike søppeldunkane? Bruk gjerne fleire bilder per behalder. Epleskrotten limast på dunken for matavfall, og den tomme klemmeposen (smoothieposen) limast på dunken for plastemballasje.
  • Dei vanlegaste typer avfall som kan vere aktuelt å sortere (kildesortere) i barnehagen er: matavfall, plastemballasje, papp og papir, glass- og metallemballasje og restavfall.
  • Viss barnehagen ønskjer å sortere fleire typar avfall enn ein gjer i dag, til dømes panteflasker, kan ein bruke behaldarar som ein allereide har. Det går òg an å bruke ei stor korg eller ei pappkasse som ein kan feste eller lime bilder av flaskene på.
  • Dersom barnehagen vil endre på/treng eit system for å kildesortere, er det mange barnehagar som bruker Filur frå IKEA.
  • Har barnehagen eit opplegg for å kompostere matavfall, er det spennande for barna å følge med på kva som skjer med matavfallet, frå ein puttar bananskallet i kompostbingen til dei kan bruke det som næring og jord til å så og plante i.
3

Sjå bossbilen!

Tenk kor heldige vi er som har ein bossbil som kjem og hentar det vi har sortert i dunkane våre! Då kan vi få nye ting av det vi har kasta (resirkulering).

Søppelbilen er ofte stor stas å følgje med på for dei yngste barna når den kjem og henter avfall. Bilen er stor og spennande i seg sjølv, og så kan barna sjå at dei ulike dunkane blir tømt opp i bilen. Gå inn på nettsidene til kommunen for å sjå når søppelbilen kjem til dykkar barnehage.

Etter at barna har sett bossbilen køyre avgarde med avfallet, kan ein undre seg saman med borna; Kva trur de skjer med bananskallet, yogurtbegeret med meir no?

Nye nasjonale avfallssymbol

Det har blitt utarbeidd nye nasjonale avfallssymbol. Målet er at dei same fargane og symbola skal brukast i heile landet, på jobben, i barnehagar og skular og i alle offentlege rom. På denne måten skal det bli enklare å forstå kvar ein skal kaste dei ulike typane avfall. Dersom barnehagen ønskjer det, kan ein fylle ut eit skjema her og få tilsendt dei nye nasjonale avfallssymbola her. Desse symbola kan klistrast på behaldarane.

Lyst på fleire aktivitetar?

Dersom barnehagen har lyst på fleire forslag til aktivitetar som barna kan gjere for å lære meir om kildesortering og miljøvern, kan ein gå inn her.

Dette undervisningsopplegget er utvikla av Unni Flatin som har bakgrunn som lærar og pedagog.

Forankring i fagplanen:

I verdigrunnlaget står det:

Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn.

Under berekraftig utvikling heiter det:

Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.

Gjennom arbeid med fagområda natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna;

  • Blir glade i naturen og får erfaringar med naturen.
  • Får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen.
  • Får gode friluftslivopplevingar året rundt.
  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover.
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.