Håkon VIIs gate 5

0161 Oslo, Norge

T: 24 02 20 09 miljoskole@loop.no
Aktivitet

Varmkompostering i barnehage

Bananskal, brødskorper og epleskrottar. Maten som barna ikkje et opp, kan bli til god mat (næringsrik jord) for blomstrar og plantar 🌻
Eit halvvissent eple er gull i komposten! Foto: Markus Spiske/Unsplash.

Varmkompostering

1

Dette treng ein:

  • Tett og isolert binge/behaldar
  • Strø
  • Røreutstyr
  • Plastboks eller ei lita plastbøtte til oppsamling av matavfall
2

Slik startar ein:

  • Plassér kompostbingen i den delen av barnehagen som er lengst unna bygningen, og gjerne i eit hjørne av uteområdet kor barna ikkje så ofte leikar. Det vil gjerne vere litt lukt som siv ut av kompostbingen. Følg elles bruksanvisninga for plassering av bingen.
  • Legg eit lag med strø i botnen av bingen. Følg òg her bruksanvisninga.
  • Så er det klart for å begynne å putte oppi matavfallet.
  • Alle typar matavfall går i varmkomposten. Litt tørkepapir med restar går òg. Husk å dele opp store matbitar.
  • Eggeskal og bein brukar svært lang tid på å bli brote ned. Dette må eventuelt knusast. Bein kan også sorterast i matavfallet, eller kastast i restavfallet dersom barnehagen ikkje har avtale om henting av matavfall.
3

Ha oppi matavfall – dryss over strø!

  • Ha alltid oppi strø når ein har putta matrestar oppi behaldaren. Kjøt- og fiskerestar må alltid dekkast av strø og gammal kompost.
  • Husk å røre minst ein gong i veka for å få rikeleg med luft til prosessen i komposten.
  • Dersom prosessen i bingen går som den skal, vil temperaturen stige jamnt til mellom 50 til 70 grader. Dersom ein har temperaturmålar i kompostbehaldaren, er det spennande for både barna og dei vaksne å følge med på utviklinga.
4

Kva med når bingen er full?

  • Når bingen er full, må komposten ettermodnast. Dersom barnehagen har ein kald kompost (kvistar og lauv lagt i ein haug eller i ein open binge), kan ein ettermodne komposten her.
  • Pass på å dekke til med ein presenning slik at regnet ikkje vaskar ut dei verdifulle næringsstoffa i komposten. La komposten ligge tildekka i 2-3 månader. Viss ein brukar komposten utan å ettermodne den, kan den skade frø og planterøter.
  • NB! Dersom barnehagen er plaga av brunsneglar, må ein ta omsyn til dette ved kaldkompost. Elles kan kaldkomposten bli yngleplass for brunsneglar. Snakk med ein gartnar eller ein annan fagperson om råd.
5

Kva kan ein bruke den ferdige komposten til?

Når komposten er ferdig modna, blandar ein inn jord. Kor mykje jord ein blandar inn avheng av kva ein skal bruke jorda til. I heftet om heimekompostering Ren jord frå Naturvernforbundet finn ein på side 19 og 20 informasjon om ferdig modna kompost og om ulike blandingsforhold mellom jord og kompost. Du kan både bruke kompostjord som næring, eller som vanlig plantejord.

Nyttig å vite

Barnehagen kan kontakte sin kommune for å høyre om det er muleg å søkje om tilskot for kjøp av kompostbinge til varmkompost.

Nokre kommuner gjev reduksjon av renovasjonsavgift ved bruk av eigenkompostering.

Mange kommuner eller avfallsselskap krev at ein kjøper svanemerka varmkompostbinge.

Nokre kommuner krev at ein tek eit kurs i kompostering før ein startar opp med dette.

Det finst gode bingar for varmkompost på marknaden, fleire er svanemerka.

Lyst på fleire akitivtetar? Teikn gjerne blomstrar, bær og grønsaker som barna har lyst å plante i den gode kompostjorda. Foto: Markus Spiske/Unsplash

Forankring i fagplan:

I Fagplanen sitt verdigrunnlag står det:

  • Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn.

Under berekraftig utvikling heiter det;

  • Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna:

  • Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid.

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna:

  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover.
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.
  • Får kunnskap om dyr og dyreliv.

Denne sida er utvikla av Unni Flatin som har bakgrunn som lærar og pedagog.