Kjølberggata 21

0653 Oslo, Norge

T: 24 02 20 09 miljoskole@loop.no
Aktivitet

Leik og lær om emballasje

Tom emballasje, til dømes melkekartongar og rømmebeger, er eit godt utgangspunkt for leik. Når interessen for å leike har dabba av, kan barna vere med å kildesortere emballasjen ♻️
Foto: Markus Spiske/Unsplash

Butikk:

Barna får med seg tom småemballasje heime ifrå. Til dømes boks til bakepulver eller vaniljesukker, eggekartong, melkekartong, smørboks, rømmebeger eller yoghurtbeger. Så lagar ein utstilling av varene på eit lite bord eller i ei lita hylle.

På Clas Ohlson kan ein kjøpe eit kassaapparat som hovudsakleg er laga av tre som er FSC-merka. Dette er symbolet for bærekraftig skogbruk. På IKEA kan ein kjøpe kassaapparat som er CE-merka. Det betyr at produktet ikkje skal vere til skade for verken menneska si helse og tryggleik eller miljøet.

Foto: Luku Muffin/Unsplash.

Hus, tettstad eller by:

Barnehagen kan ta vare på pappesker i passe storleik, og/eller foreldrene og barna tek med kasser heime ifrå. Desse kassene kan bli fine leikehus. Kanskje ein kan byggje ein tettstad eller ein liten by? Dei vaksne hjelper til med å skjære ut opningar for dører og vindauger. Barna kan dekorere husa.

Ei kasse/eske kan bli til ein båt. Barna kan leike at dei er ute og fiskar eller ror, gjerne inspirert av songer som “Ro, ro, ro din båt.”

Grublespørsmål:

  • Kva er dette, til dømes yoghurtbegeret, laga av?
  • Korleis skal vi resirkulere dette?
  • Kva trur de skjer med yoghurtbegeret etter søppelbilen har henta det?
  • Kan ein lage nye ting av papiret, pappen og plasten? Kva kan ein lage?
Foto: Nathan Dumlao/Unsplash.

Forankring i fagplan:

I barnehagen sitt verdigrunnlag og under berekraftig utvikling står det:

  • “Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen.”
  • “Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.”
  • “Barnehagen skal leggje grunnlag for barna si evne til å tenkje kritisk, handle etisk og vise solidaritet. Barna skal få erfaring med å gi omsorg og ta vare på omgivnadane og naturen.”

Dette undervisningsopplegget er utvikla av Unni Flatin som har bakgrunn som lærar og pedagog.