Slik gjer ein det:
Utedress og regnbukse
Foreldrene og barna finn utedress eller regnbukse med hol på heime og tek med i barnehagen.
Dei vaksne i barnehagen stryk lappar på holet. Slike lappar får ein kjøpt på Panduro og sy- eller strikkebutikken. Ein kan kjøpe ferdige lappar med motiv som barna kan velge, eller så lagar ein motiv sjølve.
Ulltøy
Foreldrene og ungane finn ulltøy heime som har blitt hol på eller har fått ein flekk som ikkje går bort. Dei tek det med i barnehagen.
I barnehagen har ein tova ullappar i ulike farger (då raknar ikkje lappane). Ungane kan vere med å teikne motiv til lappane og/eller hjelpe til med å klippe ut. Dei vaksne syr på lappane.
Tips: Barn likar å hjelpe til. Ved å få utforme eller velge lappane som ein skal bruke til reparasjon, er dei med på å gjere noko viktig saman med andre og vaksne. Kanskje ein kunne få inn nokre besteforeldre eller foreldre til å hjelpe til med dette?
Ta vare på det du har!
Med auka levestandard og stort tilbod av billige kle og andre forbruksvarer, har det personlege forbruket stege gradvis og hatt ei stor auke dei siste åra. Det har ofte blitt billigare å kaste ting heller enn å reparere det.
Konsekvensane har blitt store mengder av avfall som må handterast av kommunene. I takt med auka forbruk aukar òg uttak av ressursar som skog, metall og olje. I kjølevatnet av dette kjem forureining til jord, luft og vatn.
Reparerer du kle, bidrar du til at tinga dine får lengre liv. Forutan å vere nyttig, kan det til og med vere morosamt. Sy ein blomsterlapp over holet på ermet av ynglingsjakka, og den er gjerne endå finare enn før! ????
Forankring i fagplan:
Å ta vare på det ein har slik at det kan vare lenger, er ein viktig del av ei berekraftig utvikling, og ein del av verdigrunnlaget for barnehagen. I fagplanen står det mellom anna:
- “Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen.”
- “Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.”
- “Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling.”
Det er viktig å få foreldrene med på laget i denne felles dugnaden om ei meir berekraftig utvikling. God informasjon til foreldre på foreldremøtet er nødvendig, i tillegg til skriftleg informasjon. Å oppdatere foreldrene utover året på kva barnehagen og ungane gjer for å ta vare på mat, kle og ting, kan òg vere en fin inspirasjon for foreldrene. Illustrer gjerne breva til foreldrene med bilder av matretten ein har laga, eller av strømpebuksa med ein fin lapp på.
Dette undervisningsopplegget er utvikla av Unni Flatin som har bakgrunn som lærar og pedagog.