Kjølberggata 21

0653 Oslo, Norge

T: 24 02 20 09 miljoskole@loop.no
Aktivitet

Redd noko som skulle kastast: Mat

Bruk opp mat som begynner å bli gammal. Bananer som har fått brune flekkar er knallgodt i smoothie, og tørre brødskiver kan bli herlege ostesmørbrød. Dette er òg bra for miljøet og lommeboka!
Foto: Milad B. Fakurian/Unsplash.

Slik gjer ein det:

Gjer ein avtale med nærbutikken om å få brød frå dagen før. Barna kan vere med å hente brød. Det er lurt å sjekke på førehand at det faktisk er brød å hente på den aktuelle dagen. Kanskje det også er noko gammalt brød i barnehagen som ein vil få brukt opp? Enkle ostesmørbrød eller arme riddere er fint å lage av gammalt brød, og barna kan hjelpe til.

Godt moden frukt, som banan med flekkar, er fint i lag med bær i ein smoothie. Bananlappar er nam-nam. Kanskje ein kan få godt moden frukt i butikken og?

Godt moden frukt, som banan med flekkar, er fint i lag med bær i ein smoothie. Bananlappar er nam-nam.

Frå boss til bananlappar

I dag går kvar åttande berepose rett i bosset her i landet, og bananer er på kastetoppen. I Norge kaster vi 140.000 bananer, hver eneste dag. Dette kan – og vil vi gjere noko med!

Ved å planlegge innkjøp og middagar og følgje med på kva ein har i kjøleskapet, kan vi spare pengar og miljøet. Ulike restar i kjøleskapet kan stimulere kreativiteten til å lage nye rettar og kombinasjonar. Det er spennande for barn å får vere med å lage ein smoothie eller bananlappar. Og så smakar det så godt! ????

Ostesmørbrød: Det å leve meir berekraftig kan gje ein god smak i munnen. Foto: Scott Eckersley/Unsplash.

Susannes sunne sveler ????

Dere trenger:
3 egg
90 g havregryn
1 ts natron
1 ts vaniljesukker
1 brun banan
0,5 ts salt

Sånn gjør dere det:
*Ha eggene i en bolle og visp for hånd.
*Bland det tørre for seg og tilsett dette så i eggene. Rør godt.
*Mos bananen, og bland inn i røren som dere så lar svelle i 5 minutter.
*Ha litt olje i stekepannen og varm den opp til middels varme.
*Stek små pannekaker til de er brune på hver side. Vær varsom når dere jevner dem ut, så de ikke går i stykker.
*Server svelene med hva dere vil, for eksempel syltetøy og rømme eller friske bær og melis. Men de er også gode i seg selv.
*Har dere havregrøt til overs kan dere også bruke det i røra.

Kilde: Matvett.

fleire fristande forslag til kva de kan bruke bananer og tørt brød (og mykje meir) til hos Matvett og Spis opp maten!

Forankring i fagplan:

Å ta vare på det ein har slik at det kan vare lenger, er ein viktig del av ei berekraftig utvikling, og ein del av verdigrunnlaget for barnehagen. I fagplanen står det mellom anna:

  • “Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen.”
  • “Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.”
  • “Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling.”

Det er viktig å få foreldrene med på laget i denne felles dugnaden om ei meir berekraftig utvikling. God informasjon til foreldre på foreldremøtet er nødvendig, i tillegg til skriftleg informasjon. Å oppdatere foreldrene utover året på kva barnehagen og ungane gjer for å ta vare på mat, kle og ting, kan òg vere en fin inspirasjon for foreldrene. Illustrer gjerne breva til foreldrene med bilder av matretten ein har laga, eller av strømpebuksa med ein fin lapp på.

Dette undervisningsopplegget er utvikla av Unni Flatin som har bakgrunn som lærar og pedagog.