Kjølberggata 21

0653 Oslo, Norge

T: 24 02 20 09 miljoskole@loop.no
Aktivitet

Redd noko som skulle kastast: Gjenbrukshylle

Å ha ei gjenbrukshylle i barnehagen kan gjere at bøker, kle og sko varer lenger. Ei bukse som eit barn har vakse i frå, kan bli den nye yndlingsbuksa til eit anna barn ♻️
Foto: Jonathan Borba/Unsplash.

Slik gjer ein det:

Lag ei gjenbrukshylle kor foreldrene kan ta med reine og pent brukte bøker, kle og sko som ungane har vokse i frå. Det er ikkje alltid ein har nokon i familien å gje slike ting til. Då er det fint at andre barn i barnehagen kan gjere seg nytte av desse tinga. På denne måten vil tinga få lenger liv.

Kanskje nokon har lyst til å legge ei personleg helsing i det dei gir vekk i gjenbrukshylla? I ei bok kan det til dømes stå: “Ole elska å bli lest for frå denne boka før han skulle sove.”

Bruk gjerne ei hylle eller ein reol som barnehagen allereie har eller finn noko brukt og billig på Finn. Nokre gonger blir hyller gitt vekk gratis der.

Hylla kan eventuelt malast og bli like god som ny. Kanskje den blir endå finare! Barna kan vere med å dekorere hylla eller reolen.

Tips: Det kan vere lurt å ha ein gjenbruksansvarleg i barnehagen.

Det er ikkje alltid ein har nokon i familien å gje slike ting til. Då er det fint at andre barn i barnehagen kan gjere seg nytte av desse tinga. På denne måten vil tinga få lenger liv.

Forankring i fagplan:

Å ta vare på det ein har slik at det kan vare lenger, er ein viktig del av ei berekraftig utvikling, og ein del av verdigrunnlaget for barnehagen. I fagplanen står det mellom anna:

  • “Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen.”
  • “Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.”
  • “Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling.”

Det er viktig å få foreldrene med på laget i denne felles dugnaden om ei meir berekraftig utvikling. God informasjon til foreldre på foreldremøtet er nødvendig, i tillegg til skriftleg informasjon. Å oppdatere foreldrene utover året på kva barnehagen og ungane gjer for å ta vare på mat, kle og ting, kan òg vere en fin inspirasjon for foreldrene. Illustrer gjerne breva til foreldrene med bilder av matretten ein har laga, eller av strømpebuksa med ein fin lapp på.

Dette undervisningsopplegget er utvikla av Unni Flatin som har bakgrunn som lærar og pedagog.