Kjølberggata 21

0653 Oslo, Norge

T: 24 02 20 09 miljoskole@loop.no
Aktivitet

Tips til aktivitetar: Lær små barn om miljø og resirkulering

Det er spennande å sortere og resirkulere avfall, og det er moro å sjå at det spirer og gror både inne og ute. Når barna blir glade i naturen, kan det og vere starten på å ville ta vare på den i framtida. Små hender kan utrette store ting for miljøet.
Foto: Phil Hearing/Unsplash.

Lag ein plakat: Kvifor er det viktig å kildesortere?

Lag ein plakat om kva som kan skje når vi sorterer avfallet vårt.

Dei vaksne teiknar dei ulike behaldarane ein brukar til avfall i barnehagen nederst på plakaten. Over dette kan ein skissere eit enkelt landskap med marker, kanskje eit vatn og ein foss og over dette himmel og ei stor sol.

La barna fargeleggje vatnet i herlege blåfargar, tre og mark i ulike grønntonar og sola gul og fin. Kanskje ho til og med smiler. Nokon av barna vil gjerne teikne blomstrar og dyr, fargeleggje dei, klippe dei ut og lime dei på plakaten.

Plakaten er fin til å minne oss om kvifor det er viktig å kildesortere. Kanskje den kan henge i gangen så foreldrene og kan få sjå den?

Foto: Claudio Schwarz/Unsplash.

Plukk søppel i nærområdet!

Gå på tur i nærmiljøet og plukk søppel (les meir om #5forhvalen her). Bruk fleirbrukhanskar som ein kan skrive namnet til barnet på. Då kan hanskane brukast om og om igjen, og det blir stas å finne «arbeidshanskane» med sitt namn på. Det er lurt å plukke søppel med barna regelmessig og gjerne i same området kvar gong. Det er då lettare for barna å føle ansvar for «sitt» område. La barna vere med på å kildesortere det dei har funne på turen.

Barnehagen kan setje opp eit skilt eller to der barna plukkar boss. På skiltet kan det til dømes stå: “Her ryddar Bakkeplassen barnehage boss. Takk for at du hjelper oss å holde området fint.” Eller “Takk for at du ikkje kastar boss her.” Barna kan gjerne dekorere skiltet, og dei vaksne laminerer det.

NB! Barna må ikkje ta opp skarpe gjenstandar, medisiner, sprøyter og behaldarar med væske inni.

Foto: Markus Spiske/Unsplash.

Så frø med barna!

Så frø saman med barna om våren. La dei vere med å vatne frøa og følgje med på når dei begynner å spire. Etterkvart treng dei små plantane å komme over i potter. Når faren for frost er over, kan barna vere med å plante plantane i plantekasser ute eller i fast jord.

Ein kan og så til dømes tomatfrø, plante jordbær eller setje poteter. Det er spennande å følgje med på når dei fyrste frøa tittar opp og det fyrste potetbladet stikk opp av jorda. Barna ser at det tek tid og at det er arbeid å dyrke eigen mat. Men desto større er gleda når dei kan hauste dei fyrste jordbæra eller tomatane ????

Lille persille

Når barna skal så frø og passe på plantar, kan de for eksempel synge den vakre songen om Lille Persille:

Lille Persille i hagen står,
lysegrønn kjole og krusete hår.
Hvorfor så stille, Lille Persille?
Kanskje du ville, på ball i år?

Tekst: Inger Hagerup.

Foto: Meghan Holmes/Unsplash.

Ha ein fiksedag!

Barnehagen kan innimellom ha ein «fiksedag.» Då kan barna ha med seg ein utedress som har fått ei rift eller ei ullbukse som har fått hol på knea. Borna er med å klippe ut lappen, og dei vaksne hjelper til å stryke/sy den på. Sjå og undervisningsopplegget «Redd noko som skulle kastast» her.

 

Dette undervisningsopplegget er utvikla av Unni Flatin som har bakgrunn som lærar og pedagog.

Forankring i fagplanen:

I verdigrunnlaget står det:

Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn.

Under berekraftig utvikling heiter det:

Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.

Gjennom arbeid med fagområda natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna;

  • Blir glade i naturen og får erfaringar med naturen.
  • Får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen.
  • Får gode friluftslivopplevingar året rundt.
  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover.
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.