Kjølberggata 21

0653 Oslo, Norge

T: 24 02 20 09 miljoskole@loop.no

Miljøaktivitetar for dei minste

Vanar som tek form tidleg i livet, kan vare livet ut. I desse aktivitetane lærer barnehagebarn om dei små, store tinga vi alle kan gjere for å leve litt meir berekraftig ????

Av: LOOP Miljøskole

Å ta vare på det ein hadde, var nødvendig i tidlegare tider. Ungane opplevde at det å reparere kle og utstyr samt utnytte mat og matrestar, var ein del av kvardagen. Dette er like nødvendig i dag, skal vi ta vare på alt som lever på jorda vår og bevare naturen for kommande generasjonar ????

Barn som opplever og lærer at det å ta vare på det vi har, både er bra for naturen og lommeboka, har eit godt utgangspunkt for å ta med seg dei gode vanane inn i vaksenlivet. Dette kan bety mykje for eit meir berekraftig samfunn i framtida ????

Her kan du sjå undervisningsopplegga LOOP Miljøskole har laga for barnehagar, med vekt på berekraftig utvikling. Vi lærer barn å vere snille mot mammaen sin. La oss ikkje gløyme Moder Jord!

Når barna blir glade i naturen, kan det òg vere starten på å ville ta vare på den i framtida. Små hender kan utrette store ting for miljøet.
Unni Flatin, lærar og pedagog.
Bygdøy i Oslo. Foto: Delia Giandeini/Unsplash.

Treets hemmelighet

I dette undervisningsopplegget blir hemmelegheita til treet avslørt; korleis kan det få grøne bladar kvar vår? De får òg forslag til spennande aktivitetar de kan gjere ute i naturen.

Sjå undervisningsopplegget her ????

Foto: fikseklubben.no. Fikseklubben er ein nettstad som lærer foresatte alt dei treng å vite for å reparere den bunken med kle som veks og veks.

Redd noko som skulle kastast: Kle

Ved å reparere kle som barna brukar, vil dei sjå og lære at det går an å reparere tøy. Dette blir billigare for familien. Ein tek òg vare på naturen fordi ein ikkje treng å kjøpe nye kle så ofte, og det blir mindre avfall.

Sjå undervisningsopplegget her ????

Foto: Milad B. Fakurian/Unsplash.

Redd noko som skulle kastast: Mat

Bruk opp mat som begynner å bli gammal. Bananer som har fått brune flekkar er knallgodt i smoothie, og tørre brødskiver kan bli herlege ostesmørbrød. Dette er òg bra for miljøet og lommeboka!

Sjå undervisningsopplegget her ????

Foto: Jonathan Borba/Unsplash.

Redd noko som skulle kastast: Gjenbrukshylle

Å ha ei gjenbrukshylle i barnehagen kan gjere at bøker, kle og sko varer lenger. Ei bukse som eit barn har vakse i frå, kan bli den nye yndlingsbuksa til eit anna barn.

Sjå undervisningsopplegget her ♻️

Foto: Markus Spiske/Unsplash.

Leik og lær om emballasje

Tom emballasje, til dømes melkekartongar og rømmebeger, er eit godt utgangspunkt for leik. Når interessen for å leike har dabba av, kan barna vere med å kildesortere emballasjen.

Sjå undervisningsopplegget her ????

Foto: Melissa Askew/Unsplash.

Lag ein jordfabrikk: Bokashi 

Bokashikompost er ei naturleg supernæring for plantar. Den er full av mikroorganismar som gjev dei beste vekstvilkåra for plantane våre. Få tips til korleis din barnehage kan komme i gong med ein heilt eigen jordfabrikk.

Sjå undervisningsopplegget her ????

Eit halvvissent eple er gull i komposten! Foto: Markus Spiske/Unsplash.

Lag ein jordfabrikk: Varmkompost 

Bananskal, brødskorper og epleskrottar. Maten som barna ikkje et opp, kan bli til god mat (næringsrik jord) for blomstrar og plantar.

Sjå undervisningsopplegget her ????

Foto: Claudio Schwarz/Unsplash.

Lyst på meir?

Det er spennande å sortere og resirkulere avfall, og det er moro å sjå at det spirer og gror både inne og ute. Her finn de fleire tips til aktivitetar som lærer små barn om miljø og resirkulering.

Sjå alle aktivitetsforslaga her ????

Unni Flatin er skaparen av desse undervisningsopplegga ????

Det er Unni Flatin, lærar og pedagog, som har utvikla desse undervisningsopplegga for barnehage. Varemerket til Unni er å formidle viktige og store emne på ein lettfatteleg, engasjerande og inspirerande måte, med eit vakkert og drøymande språk.

Velkommen inn i hennar univers ✨